Her får du hjelp til typiske svakheiter i skriftlege innleveringar på ungdomsskulen – pluss sjangersteg for fagartikkel, debattinnlegg og novelle.
Mange skriv bra, men gløymer å vise kvar informasjonen kjem frå – eller har ikkje med kjeldeliste i det heile.
I skulen vert kjelder stadig viktigare. I ei tid med kunstig intelligens bidreg dei til at læraren kan stole på deg, og i det heile kunne gje deg karakter i faget.
Kvifor er kjeldebruk viktig? Kjelder styrkar truverdet ditt som skrivar og gir lesaren høve til å sjekke påstandane dine. I ein fagartikkel er kjeldebruk ein del av sjølve oppgåva.
I teksten – skriv (Etternamn, årstal) rett etter påstanden:
«Plastforureining har auka med 40 % sidan 2010 (Jensen, 2024).»
Utan kjend forfattar: «(NRK, 2022)» eller «(NDLA, u.å.)» (= utan årstal)
I kjeldelista – ein kjelde per linje, alfabetisk:
Jensen, K. (2024). Plastforureining i Arktis. Henta 10. jan. 2025 frå: forskning.no/artikkel123
Utan forfattar: NRK. (2022). Klimaendringar og norsk vinterferie. Henta 5. mars 2025 frå: nrk.no/artikkel456
Du nemner poeng, men går vidare for raskt. Eit godt argument er som eit lite avsnitt: påstand → forklaring → bevis/døme.
PEE-modellen – din beste venn
Ein tekst utan tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning er vanskeleg å følgje – sjølv om innhaldet er bra. Alle teksttypar følgjer denne grunnstrukturen.
Generell tekststruktur
Dei fleste tekstar – uavhengig av sjanger – er bygde opp av tre hovuddelar:
Denne grunnstrukturen gjeld for fagartikkel, debattinnlegg, novelle og dei fleste andre teksttypar du møter på skulen.
Avsnittsinndeling – kvifor og korleis
Eit avsnitt handlar om éit tema eller éit poeng. Ny tanke = nytt avsnitt. Start kvart avsnitt litt inn frå margen (innrykk) eller hopp over ei linje.
Sjølv ein godt strukturert tekst fell saman om setningane er lange, uklare eller fulle av gjentakingar. Her lærer du å byggje tydelege setningar med rett teiknsetting og gode bindeord.
Kva er god setningsstruktur? Ei god setning formidlar éin tanke klart og fullstendig. Ho har eit subjekt (kven/kva), eit verbal (gjer kva) og gjerne eit objekt eller utfylling. Når setningane er tydelege, vert teksten lettare å lese – og bodskapen når fram.
Tre grunnprinsipp:
1. Éin tanke per setning. Unngå å lenke mange idear saman med «og» og «som» og «men». Set heller punktum og start ei ny setning.
2. Varier setningsstarten. Ikkje start kvar setning med same ord. Prøv å starte med tid, stad, årsak eller eit bindeord.
3. Bruk teiknsetting medvite. Punktum avsluttar ein tanke. Komma skil ledd. Semikolon knyter saman to nært relaterte heilsetningar.
Vanlegaste problem
Bindeord – oversikt
Bindeord knyter saman ord, ledd og setningar. Valet av bindeord påverkar meininga.
| Gruppe | Ord | Funksjon | Eksempel |
|---|---|---|---|
| Addisjon | og, dessutan, i tillegg, òg | legg til informasjon | Ho skriv godt, og ho les mykje. |
| Kontrast | men, likevel, derimot, sjølv om, trass i | viser motsetnad | Det regnar, men vi går ut. |
| Årsak | fordi, sidan, ettersom | forklarer kvifor | Ho gjekk heim fordi ho var trøytt. |
| Konsekvens | difor, altså, dermed, følgjeleg | viser resultat | Ho øvde mykje; difor vann ho. |
| Tid | når, medan, etter at, før, då | viser tidstilhøve | Medan det regnar, les eg. |
| Presisering | særleg, til dømes, nemleg, det vil seie | konkretiserer | Mange verb er vanskelege, særleg dei sterke. |
Sjangerkompetanse handlar om å forstå, kjenne att og bruke «spelereglane» for ulike typar tekstar. Kort fortalt er det evna til å vite korleis ein tekst er bygd opp, kva formål han har, og kven han er skriven for.
Fagartikkel →
7 interaktive steg med rubrikk, eksempel og øvingsfelt – frå planlegging til ferdig tekst.
Debattinnlegg →
7 interaktive steg med påstand, logos, patos, motargument og appell – tilpassa debattsjangeren.
Novelle →
9 interaktive øvingsoppgåver for å mestre den forteljande sjangeren – frå sansejakt til krimnovelle.
Her er 9 øvingsoppgåver som kan hjelpe deg på vegen til å forfatte forteljande tekstar. Eignar seg godt som opplegg til norsktimane. Sveip for å bla mellom oppgåvene.
Kva er ei novelle?
Ei novelle er ein kort forteljande tekst – kortare enn ein roman, men med dei same grunnleggjande elementa: éin hovudperson, éi konflikt, handling og vendepunkt. Novella tek utgangspunkt i forteljande skriving – det vil seie at forfattaren skapar ei fiktiv verd og let lesaren leve seg inn i ho.
Kjenneteikn: éin hovudperson og éi konflikt · sterk opning (gjerne in medias res) · eit klart vendepunkt · avgrensa tid og stad · slutt som gjev ettertanke
Freytags pyramide
Freytags pyramide er ein modell som viser spenningskurva i ei forteljing. Ho startar med ei innleiing, byggjer opp konflikt og stigande spenning, når eit klimaks eller vendepunkt på toppen, og går deretter mot ei avslutning eller løysing.
Sjanger · fagartikkel
Ein fagartikkel skal vere sakleg og informativ. Gå gjennom kvart steg, les krava frå rubrikken og øv deg på den aktuelle delen av teksten din.
Gode tekstar startar med ein plan. Du kan velje å lage eit tankekart eller ein disposisjon – eller begge.
Struktur i ein fagartikkel
Temasetning – nøkkelen til gode avsnitt
Start kvart avsnitt med ei temasetning – ei setning som seier kva avsnittet handlar om. Dei resterande setningane utdjupar og dokumenterer denne påstanden.
Eks.: «Sosiale medium påverkar språket til ungdom på fleire måtar.» → deretter utdjupar du med fakta og kjelder.
Tankekart
Skriv temaet ditt i midten og trekk greiner ut til undertema og idear. Fri og kreativ – ingen orden krevst.
Disposisjon
Ein disposisjon er ein skjelettplan for teksten – ei ordna liste over kva kvar del skal innehalde.
Overskrift: Skal vekkje interesse og gi lesaren eit hint om temaet. Ver kreativ – men hald deg sakleg. Unngå spørsmål som einaste overskrift.
Ingress: 1–2 setningar med feit skrift. Presenterer temaet kort. Lesaren skal skjøne kva artikkelen handlar om etter ingressen.
Hovuddelen er den lengste delen. Her presenterer du temaet frå fleire sider. Du skal bruke alle tre vedlagde kjeldene, og du kan bruke fleire i tillegg.
Temasetning: Start kvart avsnitt med ei setning som seier kva avsnittet handlar om. Dei resterande setningane utdjupar denne.
Kjeldeføring i teksten: Skriv (Etternamn, årstal) etter påstandar henta frå kjeldene. Eksempel: Bruken av kunstsnø har dobla seg siste ti åra (NRK, 2022).
Les kvart avsnitt under. Trykk på den setninga du trur er temasetning – den setninga som seier kva heile avsnittet handlar om.
Avslutninga er siste avsnitt i artikkelen. Ikkje ta med ny informasjon. Oppsummer dei viktigaste punkta og gi teksten ein naturleg slutt.
Unngå «I denne artikkelen har eg skrive om…»
Lure grep: knyt an til ingressen, still eit framtidsspørsmål, eller gi lesaren noko å tenkje på.
Ein fagartikkel skal ha sakleg, formelt språk. Unngå munnlege uttrykk som «og sånn», «liksom», «osv.» og forkortingar.
Sjekkliste for språk:
Frå munnleg til formelt – bytt ut desse orda:
| Munnleg – unngå | Formelt – bruk dette |
|---|---|
| og sånn, liksom | og liknande, til dømes |
| veldig, kjempestor | svært, betydeleg, markant |
| eg synes / eg trur | ifølgje [kjelde], forsking viser |
| på grunn av det | som følgje av dette, difor |
| folk flest | fleirtalet, eit fleirtal av |
| det er bra / det er dårleg | dette er fordelaktig / problematisk |
| ting, greier | faktorar, aspekt, element |
Kjeldelista kjem heilt til slutt i dokumentet. Kjeldene skal stå i alfabetisk rekkjefølge etter forfattar sitt etternamn.
Format: Etternamn, Førenamn (årstal). Tittel. Henta [dato] frå: [lenke]
Alle kjelder du har referert til i teksten med (Etternamn, årstal) må stå i kjeldelista – og omvendt.
⚠️ Kjeldelista over har fleire feil. Klarer du å finne og rette dei?
No har du skrive alle delane. Les teksten som heilskap – og gjer han betre før du leverer.
🎧 Tips: Bruk Engasjerande lesar
Opne teksten i Word, OneNote eller Teams og trykk på Engasjerande lesar. Lat datamaskina lese teksten høgt for deg. Då høyrer du kvar setningane er for lange, kvar noko klinger rart – og kvar du bør sette punktum.
Kvifor revidere – ikkje berre levere?
Sjekkliste før du leverer:
Du har gått gjennom alle delane av ein fagartikkel. Sjekk at du har med alt dette i den ferdige teksten din:
Sjanger · Debattinnlegg
Eit debattinnlegg skal overtyde lesaren. Strukturen er annleis enn fagartikkelen – her er di eiga meining hovudsaka frå første setning.
Eit godt debattinnlegg er planlagt. Bestem standpunktet ditt og kva argument du vil bruke – før du skriv.
Tankekart
Skriv temaet og standpunktet ditt i midten. Grein ut til argument, motargument og eksempel.
Disposisjon
Ein disposisjon er ein skjelettplan – ei ordna liste over kva kvar del skal seie.
Tittelen bør avsløre standpunktet ditt. Gjerne ein hard påstand eller eit spørsmål som provoserer litt.
Innleiinga skal presentere deg og din klare påstand. I eit debattinnlegg seier du kva du meiner med ein gong – ikkje etter tre avsnitt. Bruk gjerne «Eg meiner at…» eller «Det er på tide at…»
Logos er argument baserte på fakta, tal og logikk. Bruk gjerne kjelder for å styrke argumenta dine – det aukar òg etos (truverdet ditt).
Bruk PEE-modellen: P – Påstand (Point) → E – Prov/bevis (Evidence) → E – Forklaring (Explanation). Ikkje berre nemn poenget – utdjup det!
Patos appellerer til kjensler. Bruk konkrete eksempel, personlege historier eller bilete som lesaren kan kjenne seg igjen i.
Motargument: Eit sterkt debattinnlegg anerkjenner motparten sitt syn – og tilbakeviser det. «Nokon vil hevde at… men…»
I eit debattinnlegg kan du bruke eit meir engasjert, personleg språk enn i fagartikkelen – men det skal framleis vere korrekt og variert.
Gode grep i debattinnlegg:
Avslutninga i eit debattinnlegg skal ikkje berre oppsummere – ho skal oppmode lesaren til noko. Kva vil du at dei skal gjøre, tenkje eller endre etter å ha lese innlegget ditt?
Knyt gjerne an til innleiinga (ring-komposisjon). Avslutt med eit sterkt og tydeleg bodskap.
No har du skrive alle delane av debattinnlegget. Les teksten som heilskap – og skjerp han før du leverer.
🎧 Tips: Bruk Engasjerande lesar
Opne teksten i Word, OneNote eller Teams og trykk på Engasjerande lesar. Lytt – høyrest appellen din overtydande? Er tempoet i argumentrekka aukande mot slutten?
Kvifor revidere – ikkje berre levere?
Sjekkliste før du leverer:
Du har gått gjennom alle delane av eit debattinnlegg. Sjekk at du har med alt dette i den ferdige teksten din:
Rettskriving
To av dei vanlegaste skrivefeila blant norske elevar. Lær deg reglane – og unngå dei klassiske feila.
«Eg likar og løpe tur om morgonen.»
«Ho prøvde å synge å danse samstundes.»
«Det er viktig og trene kvar dag.»
På norsk skriv vi samansette ord i eitt ord – ikkje to. Å skrive dei åtskilde kallast særskriving, og er ein av dei vanlegaste feila. Det kan nokre gonger gi heilt feil – og svært morosam – meining.
Spør deg sjølv: Er dette eitt omgrep eller to uavhengige ord? «Tunfiskbitar» er éin ting (eit matprodukt). «Tung fisk» er to ord fordi adjektivet beskriv fisken. Er du usikker – slå opp i ordbok!
«Det er viktig og ete sunn mat, for eksempel grønsak supper og frukt salat. Eg prøver og lage middag mat kvar dag.»